Velkomen til

gb-design!

Giske, grafisk designer & merkevarebyggar.

 

 

image description

Allsidig designer & engasjert samarbeidspartnar

gb-design er eit kreativt og sprudlande designbyrå med fokus på utvikla god og funksjonell design som fungerer i praksis.

Eg er lidenskapleg oppteken av “det lille ekstra” – slik at du får det du ynskjer, har behov for og som gjev resultat. Lite eller stort oppdrag? Liten eller stor kunde? Eg hjelper deg frå idé til ferdig løysing! Hjå meg står kunden, god personleg service, oppfylgjing, fleksibilitet, kvaltiet og det å levera til avtalt tid høgt i fokus.

 

gb-design har kontor sentralt på Askøy, rett utanfor Bergen. Eg er fleksibel og mobil – så eg kjem gjerne til deg om du ynskjer det. Me kan og treffast på ein stad over ein kaffikopp – eller me samarbeider via telefon og e-post.

Les meir om gb-design

Utvalde prosjekt:

Sjå fleire prosjekt
Askøy Husflidslag - Kipa Details
Askøy Husflidslag - Kipa
Endringskonferansen 2016 Details
Endringskonferansen 2016
Fjell Festning Light Festival Details
Fjell Festning Light Festival

Mine tenester:

LOGODESIGN

VISUELL IDENTITET

MERKEVAREBYGGING

Kven er du? Kven ynskjer du å vera? Korleis vert du oppfatta? Treff du målgruppa? Logodesign, visuell identitet og merkevarebygging handlar om å gje eit godt og truverdig fyrsteinntrykk – det å skilja seg ut og vera synleg i den store mengden. 

Eg designer unike logoar frå botnen av – eller eg kan redesigna din gamle. Deretter utviklar eg ein god visuell identitet for ditt firma, med bakgrunn i strategi & mål. Har du ein god logo i botnen så kan eg vidareutvikla ein visuell identitet ut frå denne.

 

IDENTITET – les meir

TRYKKSAKER

SKILT & DEKOR

DESIGN AV BØKER

Sjølv om me no lever i ein digital verden, så er kjensla av ei ny trykksak i hendene heilt spesielt. Trykk og papir er slettes ikkje dødt – og eg syns det er utruleg kjekt å designa ting som du kan ta og kjenna på! Dessutan kjem din visuelle identitet

sterkare fram på trykk enn kva den gjer digitalt.

Eg designer alle typar trykksaker, skreddarsydd etter dine behov og identitet. Spennvidda er stor med alt frå enkle visittkort, brosjyrer, annonser, bil- og fasadedekor – til grafisk utforming av bøker. 

 

TRYKK – les meir

WEBDESIGN

SOSIALE MEDIUM

WORKSHOP & KURS

Ei nettside er firmaet sitt ansikt utad – og du har kun ein sjanse til å gjera eit godt fyrsteinntrykk! Nettsida di skal fungera som eit butikkvindauge - og formidla ditt bodskap, tenester og produkt på ein tiltalande måte. Eg tilbyr skreddarsydde nettsider med unikt og brukarvenleg design.

Merkevarebygging i sosiale medier – kvifor og korleis? Eg kan hjelpa deg på god veg med oppsett, optimalisering, strategi, planlegging, drift, bilder, praktisk workshop og kurs. Resten er opp til deg!

 

WEB – les  meir

“The only way to do great work, is to love what we do”     – Steve Jobs – 

Ein kjapp guide til filformat, - kva filer treng eg å ha til logo osv?

Gå til bloggen

I mitt arbeid som designer må eg som oftast ha logofiler frå kundane mine. Dei fyrste åra eg dreiv firma vart eg rett og slett overraska over kor ofte det viste seg at kunden ikkje hadde dei rette logofilene. I dag er det slik at eg vert positivt overraska når ein ny kunde verkeleg har alt på stell, og faktisk leverer dei filene eg treng for å kunna gjera jobben for dei.

Så kva for filer er det me grafiske designera alltid må ha, og kva for filformat burde det vera sjølvsagt at ein designer leverer når dei lagar logo for ein kunde?

2 kommentarar