April 2018 - ny epoke
Med dette bilete av ein nydeleg rosebukett, markerer eg starten på ein ny epoke der heim og kontor no har adresse Voss.
Bloggen: tips, inspirasjon, designarbeid og elles litt av kvart frå min kvardag som designer & gründer!
Med dette bilete av ein nydeleg rosebukett, markerer eg starten på ein ny epoke der heim og kontor no har adresse Voss.
Eg byrja så optimistisk med å oppdatera og å endra litt på nettsida mi rett før sommarferien. Planen var god, men diverre så tar slike ting alltid mykje meir tid enn kva ein reknar med;-)
Når eg designer logo for mine kundar så har eg nokre køyrereglar eg alltid arbeider etter. Dette er grunnleggande tips som mange med meg nyttar seg av – og som eg gjerne deler med deg.
I mitt arbeid som designer må eg som oftast ha logofiler frå kundane mine. Dei fyrste åra eg dreiv firma vart eg rett og slett overraska over kor ofte det viste seg at kunden ikkje hadde dei rette logofilene. I dag er det slik at eg vert positivt overraska når ein ny kunde verkeleg har alt på stell, og faktisk leverer dei filene eg treng for å kunna gjera jobben for dei.
Så kva for filer er det me grafiske designera alltid må ha, og kva for filformat burde det vera sjølvsagt at ein designer leverer når dei lagar logo for ein kunde?
Profesjonellt designarbeid vert diverre alt for ofte undervurdert i små og mellomstore bedrifter. Når det er tøffe tider økonomisk og konkuransemessig, slik som mange kanskje opplever no for tida, så er det veldig ofte på marknadsføringbudsjettet kutta kjem fyrst.
Samstundes er det eit paradoks at alle ynskjer ei flott og funksjonell nettside, ein smart logo og konkurransedyktig marknadsføringsmateriell...
Å hyra inn ein designer til eit prosjekt kan vera eit stort skritt å ta for mange bedrifter – og korleis skal ein finna den rette i jungelen av tilbydarar? I dette blogginnlegget gjev eg deg nokre tips på vegen :-)
Ask Friidrett er tildelt hovud NM i friidrett for 2016, og eg fekk oppdraget med å designa logo & profil for arrangementet. Det var ynskje om "noko nytt" - og designet eg er kome opp med er utvikla ut frå at logoen skal vera TYDLEG, ENKEL og ikkje minst TIDLAUS både i form og farge.
Denne veka vart det mykje fokus på stempel - rett og slett då eg hadde kundar som samstundes hadde behov for stempel til ulik bruk. Stempel har liksom ikkje vore så "pop", men det er ein meir anvendeleg ting enn kva ein ofte tenkjer på. Det er enkelt og har mange bruksområde, og vert ofte mykje rimelegare enn å trykka opp større mengder av td. konvoluttar.
I dag har eg fokus på identitet og merkevarebygging - og då skal eg bruka meg sjølv, altså gb-design, som døme. For ikkje lenge sidan så tok eg steget vidare å redesigna logo & profil for gb-design, då det var på tide å justera seg vidare mot den retninga ein ynskjer og ikkje minst for kva som skal vera min identitet. Då nyttar det ikkje berre å "pussa" på logoen eller redesigna den - og så tru at det er nok. Nei, då må og endringa visa att i trykksaker, webside, sosiale medier osv - altså så må "MERKEVARA" di utviklast vidare og arbeidast med!
Variasjon i arbeidet er alltid kjekt, og når seglvener spør om hjelp til å ordna logo til seglbåten så er eg ikkje vanskeleg å be;-)
Må alt vera "standard"? Korleis få eit sprekare og "kulare" uttrykk? Dette var problemstillinga då Fotograf Monica Johansen i Studio M kom til meg og skulle ha nye visittkort.