“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

Back in business!

Back in business!

Etter mange omveltningar og 6 veker sjukemeld, så er eg no tilbake i arbeid! Vel, ikkje meir enn to dagar i veka for ei stund – men eg er no so smått i gang. Litt er jo betre enn ingenting ;-)

Nytt heimekontor er på plass i min nye heim i Voss sentrum og strategi for vidare utvikling av gb-design er lagt. Nokre planar er kortsiktige, medan andre er langsiktige då eg lyt ta eit steg om gongen sidan det vil ta litt tid før eg er tilbake for fullt. 

Uansett, ei gradvis oppdatering av mi eige heimeside er på sin plass. Sjølve innhaldet vil det ta litt tid å få oppdatert sidan eg ligg litt bakpå arbeidsmessig etter lang tids sjukmelding. Så i fyrste omgang har det handla om å få justert litt tekst, deretter ein annan viktig del – nemleg å få tatt nye bilete av seg sjølv! Det siste er ikkje akkurat det kjekkaste eg gjer, då eg som mange andre likar meg aller best bak kameraet ;-) Difor er det desto meir viktig at den som skal fotografera får deg til å slappa av og vera naturleg! 

I går var det på tide å gjera noko med den saken. Saman med Jorunn, mi gode veninne og ganske så habile fotograf, tok eg turen til Prestegardsmoen her på Voss – der me på ei kjapp ettermiddagsstund fekk gjennomført ein kjekk fotoshoot. 

Vanlegvis likar eg ikkje å eksponera meg sjølv utover det eg må i samband med å selja mine tenester, –  men i dag tar eg sats og går ut av min #komfortsone med å dela fleire av bileta som Jorunn fanga av meg med kameraet i går!

#prosjekt #nyttliv #gjeavsegsjølv