Bloggen: tips, inspirasjon, designarbeid og elles litt av kvart frå min kvardag som designer & gründer!

image description

Nettside under oppdatering!

Nettside under oppdatering!

Eg byrja så optimistisk med å oppdatera og å endra litt på nettsida mi rett før sommarferien. Planen var god, men diverre så tar slike ting alltid mykje meir tid enn kva ein reknar med;-)

Og etter sommarferien, ja då skulle eg gjennomføra resten av planen...trudde eg. Men så er det slik at kundar og oppdrag må gå fyrst – og vipps har tida gått og me var komne til september. No er størstedelen av endring på litt struktur gjort, alle prosjekt er på plass og har fått små prosjektbilder.

Men – her er enno litt att, så i morgon er det fokus på å legga til og byta om prosjektbilder. Eg har eit ynskje om å endra litt korleis prosjekta vert presentert, så då må eg nok byta litt fleire bilete enn kva eg fyrst hadde planlagt. I tillegg så har eg vore bakpå med nye prosjekt, så her er det ein god del bilete å gå gjennom for å finna dei rette. Deretter er det litt meir arbeid med tekst, tenestene og ikkje minst kva kundane seier om gb-design. 

Og når ein arbeider med både oppdatering og ikkje minst utvikling av nettsider, ja då går det med ganske mykje papir! Her må planar, struktur, rekkefylgje osv osv ned på papiret før ein set i gang på dataen. Då er det godt å ha både notatblokk (som alltid er med) og god bunde med papir generelt ;-)

Så ein dag i neste veke så tenkjer eg at eg kan sei at nettsida er oppdatert slik eg vil ha det :-)