“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

Nisjebutikkensdag 2018 - bli med på dugnaden!

Nisjebutikkensdag 2018 - bli med på dugnaden!

Dagen nærmar seg, samstundes dukkar ordet “Black friday” opp både her og der.. Me er no i gang med å mobilisera butikkar over heile landet, for dagen etter BF er faktisk NISJEBUTIKKENSDAG! I år vert det meir merksemd! Meir slagkraft! Meir synlegheit” Og endå fleire kundar! Me kjem på trykk i fleire aviser og me vert endå meir synlege! Har du ikkje høyrt om nisjebutikkens dag enno, ja då er det jammen på tide! 

 

Nytt av året er at @butikkutvikler.no som står bak nisjebutikkens dag, har fått meg med på laget. Eg har designa eit eige merke, ein logo, i anledning dagen – i tillegg til profileringsmateriell. 

Du lurar kanskje på kvifor me snakkar om nisjebutikkensdag som ein dugnad? Det skal du få svar på her! Saman kan me få til så mykje meir!

I 2016 starta Gøril Florvaag / Butikkutvikler.no  det som ein kan kalla forgjengararen til nisjebutikkens dag. Gøril er altså butikkutviklar, eller butikkekspert, og ho reiser rundt i Norge og besøker butikkar for å hjelpa dei med å auka lønsemda og å profesjonalisera drifta. Gøril meiner at butikkutvikling er stadsutvikling og at stadsutvikling er butikkutvikling, og eg må sei meg heilt enig i denne tankegangen!  For kva betydning har ikkje sjølvstendige butikkar for sine lokalsamfunn?!

Har du tenkt på kor ofte me definerer ein stad som “det eine eller det andre”, på bakgrunn av dei butikkane som er der? Ein plass sin identitet heng nokså tett saman med butikkutvalet på plassen. Gøril såg at det var eit stort behov for bevisstgjering, bade av forbrukaren, men og for butikkdrivaren sjølv. Ho tok difor eit intiativ til å starta ein dugnad. Ein dugnad som innebar det å skriva lesarinnlegg til mange av landets aviser om den viktige verdiskapninga som er i dei sjølvstendige butikkane rundt om i landet. Ho fokuserte på galskapen og kjøpehysteriet rundt fenomenet “Black friday” – og på kor lite berekraftig ein slik organisert galskap faktisk er. Ho laga tekstar, facebookpostar og instagramvenlege bodskap om verdien av lokal handel som kunne delast vidare av butikkane. 

I 2017 tok ho det litt lenger, for butikkane var veldig interesserte i å få “fiks ferdig” materiell dei kunne bruka i ein travel kvardag. Ho skreiv lesarinnlegg til over 80 aviser, og mange av innlegga kom på trykk og på nett. Desse vart delt, og delt. 

Gøril forsto at dette trengde ei tydlegare stemma og var så på jakt etter ein designer for å få laga eit felles uttrykk som kunne brukast vidare, og den designeren vart meg. Gøril og eg hadde fylgt kvarandre på facebook og instagram i lang tid. Me brenn for mykje av det same og har ein fellesnemnar i butikkfaget. Gøril tok kontakt og me fann fort ut at me snakka same språk, så eg sa fort ja då ho kom med førespurnaden om å designa logo & materiell for nisjebutikkensdag. Etter eit kort møte i Stavanger i vår, så vart me raskt einige om vegen vidare.

Eg har laga materiell som fokuserer på det me meiner at #nisjebutikkensdag skal innehalda, nemleg 

  • KVALITET
  • SERVICE
  • FAGKUNNSKAP 
  • KJØPSOPPLEVELSE 

For det er altfor mykje fokus på at “alt” skal seljast på salg, til rabatterte prisar, crazy days, jubileumssalg, sommersalg, haustsalg, vinterferiesalg og så vidare. Salgskampanjene der ute dei virkar, – og dei lever sitt eige liv.

Men kva med ein dag der det berre er fokus på alt det andre som er bra i butikken?

Der du kanskje byr på ein liten sjokoladebit, eit eple eller ein kopp kaffi?

Der du vise fram butikken frå si aller beste side?

Der dei gode tilboda du har blir vist fram?

Der du kan briljera med fagkunnskapen din?

Der du viser kunden din kor takknemleg du er for at dei handlar akkurat hjå deg?

For å verta endå meir synleg, for å få større slagkraft, for å visa fram at og dei sjølvstendige butikkane har livets rett og mykje å by på, – har me sett saman ei pakka med materiell. Her er det ballongar, buttons og sjølvsagt plakatar i ulik storleik – som du kan bruka i din butikk for å visa at du er med på å markera denne dagen!

Hverken Gøril eller eg tener noko særleg med pengar på dette. Materiellet er trykka lokalt hjå Gøril “sitt” trykkeri, Jærprint. Pakkene vert pakka og sendt av sonen hennar på 14, som må få nokre kroner for jobben.

Gøril skal skriva lesarinnlegg, pressemeldingar og bloggpostar. Det vert og skrive facebookpostar, instagrampostar og lagd filmar som de kan bruka. Så sant eg rekk på, så vil eg og skriva min del av postar og innlegg, til denne dagen. Eg ynskjer og å få med butikkane lokalt her på Voss på denne dugnaden, få dei til å markera seg å visa kva dei står for!

Det er ikkje sikkert at du får noko kanonomsetning denne dagen, men det kan faktisk henda at du gjer det.

Så dugnaden går ut på at du deler informasjon om denne dagen no i førekant – og helst så snart som mogleg, slik at me rekk på å få sendt ut alt materiellet i tide.

Del denne bloggposten med dine butikknaboar og ver med å markera #nisjebutikkensdag i fellesskap!

Materiellpakka bestiller du via butikkutvikler.no her og den kostar kun kr. 490,- + mva.

Tusen takk for at du deler – og for at du engasjerer deg!

Klem frå Gøril & Giske