Bloggen: tips, inspirasjon, designarbeid og elles litt av kvart frå min kvardag som designer & gründer!

image description

April 2018 - ny epoke

April 2018 - ny epoke

Med dette bilete av ein nydeleg rosebukett, markerer eg starten på ein ny epoke der heim og kontor no har adresse Voss. 

Det er i dag 4 veker sidan eg gjennomgjekk ein operasjon som skulle vera starten på #eitnyttliv helsemessig. Midt oppi dette så er eg altså tilbake i heimbygda, med både heim og kontor –  så dette vert ein ny epoke på fleire måtar. Eg er framleis sjukmeld, men satsar på å koma litt i gang att med arbeidet om nokre veker. Gledar meg til å arbeida vidare med mine flotte kundar i Bergensområdet, på Askøy, her på Voss – og elles rundt om i landet.

Men fram til dess så tenkjer eg at eg har nok med å bygga meg opp att etter operasjon og å få organisert mitt nye kontor etter flyttesjauen ;-)  

Har du eit prosjekt du ynskjer hjelp til? Uti mai/juni så er eg nok klar til å ta på meg nye spennande prosjekt – så kontakt meg gjerne no på e-post. 

Ha ein fin dag! 

Giske / grafisk designer & merkevarebyggar