Dette er noko av arbeidet eg har

utført for mine kjekke kundar.

 

Kva kan eg hjelpa deg med?

image description

Askøy Husflidslag - Kipa

Askøy Husflidslag tok kontakt med gb-design då dei ynskte hjelp til å få sett saman og gje ut ei bok som skulle dokumentera kipebinding. Bakgrunnen for dette var at kipebinding var det som Askøy Husflidslag hadde plukka ut som sitt raudlisteprosjekt. 

Utgangspunktet og materialet for bokarbeidet var bilder frå eit kipebindingskurs der Jon Haugland var kursleiar, og tekst ført i pennen av Knut Andreas Skogstad. Prosjektet utvikla seg fort til å verta litt meir omfattande enn kva husflidslaget fyrst hadde tenkt, ikkje minst fordi både forfattar og underteikna ynskte å få dette dokumentert på ein god visuell måte. På denne måten får me ei bok som er lett å lesa og me når ei breiare målgruppe. 

Som designer har eg lagt vekk på ein layout som er luftig og der me har omtrent like mykje bilder som tekst. Det er og valt ein moderne og lettlest font, utan altfor mykje særpreg. Sjølve kursdelen av boka, kapittel 3, har ein litt anna layout enn resten – med hovudvekt på samspel mellom tekst og bilder. På denne måten fortel me korleis du går fram for å laga ei kipe. Då me undervegs i prosjektet såg at me ikkje hadde nok bilder, så tok både forfattar og designer med seg kamera og slik ordna me at boka har bilder som beskriv det me ynskjer. I tillegg har me mange andre historiske bidrag på bildefronten. 

gb-design har stått for all grafisk utforming av boka, både innmat og omslag – i tillegg til ein del foto og til slutt formidling av trykking osv.

KUNDE: Askøy Husflidslag
Dato: oktober 2016
TENESTER:
  • prosjektleiing
  • layout
  • grafisk utforming
  • foto
  • trykk