MINE TENESTER  

                                   

Kva gjer eg?

Kva kan eg hjelpa deg med?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

image description

Logodesign  //  Visuell identitet  //  Merkevarebygging

Kven er du? Kven ynskjer du å vera? Treff du målgruppa di? Vert du oppfatta slik du ynskjer?

Design er visuell kommunikasjon og det handlar om gje eit godt og truverdig fyrsteinntrykk med å kommunisera på ein effektiv måte. Slik vil du skilja deg ut og verta synleg i den store mengden.

 

Eg designer og utviklar unike logoar frå botnen av, eller eg kan redesigna din gamle slik at den passar inn i framtida. Deretter utviklar eg ein god visuell identitet for ditt firma, med bakgrunn i strategi & mål. Har du ein god logo i botnen så kan eg vidareutvikla ein visuell identitet ut frå denne. Utvikling av logo og identitet er ein grundig prosess som krev god innsikt og det er mykje informasjon som lyt på plass. Me definerer ynskje, behov og marknad og endar opp med ein strategi som eg designar og utviklar unik logo/identitet frå.

 

Logoen er det grunnleggande i ein visuell identitet, medan storleiken på denne identiteten som me samlar i ei profilhandbok er definert ut frå behovet til kunden. I ei profilhandbok definerar me bruk av logo, fargar og fontar i den grunnleggande delen. Vidare kan den innehalda visittkort, brevmal, konvolutt, e-postsignatur, annonsemal, skjema, trykksaker generelt, skilting & fasadedekor, bildekor, bruk av bilder, profileringsartiklar, bekledning, webdesign, sosiale medier osv. 

Kva er dine ynskje og behov? Eg designer og utviklar det du treng for å vera tydeleg og synleg i din kommunikasjon. 

 

Kontakt meg

 

 

 

Trykksaker  //  Annonse  //  Bok  //  Skilt & dekor  //  Utsmykking

Sjølv om me no lever i ein digital verden, så er kjensla av ei ny trykksak i hendene heilt spesielt. Trykk og papir er slettes ikkje dødt, og eg syns det er utruleg kjekt å designa ting som du kan ta og kjenna på! Dessutan kjem din visuelle identitet mykje sterkare fram på trykk enn kva den gjer digitalt.

 

Frå idé til ferdige trykksaker! Eg designer alle typar trykksaker, skreddarsydd etter dine behov og identitet. Spennvidda er stor med alt frå enkle visittkort, brosjyrer, annonser, bil- og fasadedekor, til grafisk utforming av bøker. Du kan velja mellom å få levert ferdige trykkfiler, eller eg ordnar og formidlar trykk for deg. Eg samarbeider med fleire trykkeri – og me vil alltid levera det produktet som passar deg og ditt firma.

 

Visittkort, brevark, konvolutter, flyer, folder, brosjyrer, plakater, annonser, etiketter, label, emballasje, poser, klistremerker, sticker, roll-up, program, stempel, bildekor, fasadedekor, skilting, banner, flagg, vimpel, bøker, magasin, årsrapporter, mapper, gavekort, invitasjoner, menyer, bordkort, monogram, profilklær, profilartikler – og alt anna som kan trykkast.

 

Kontakt meg

 

 

 

Webdesign  //  Sosiale medier  //  Workshop  //  Foto

Ei nettside er firmaet sitt ansikt utad. Du har kun ein sjanse til å gjera eit godt fyrsteinntrykk! Når nokon besøkjer nettsida di, er det fordi dei er interessert. Nettsida di skal fungera som eit butikkvindauge og formidla bodskap, tenester og produkt på ein tiltalande måte. Er nettsida di synleg nok? Er nettsida di responsiv og mobilvenleg? Visste du at det no er fleire som surfar frå mobiltelefonen og nettbrett enn frå datamaskiner? 

 

Frå idé til fiks ferdig nettside! Eg designar funksjonelle og brukarvenlege nettsider med skreddarsydde løysingar. Publiseringsverktøyet Netflex, levert av Apility, er solid og framtidsretta. Hjå meg får du rask leveringstid, pris etter avtale og ingen skjulte kostnader. Du skal ikkje måtta betala for noko du ikkje treng. 

 

Merkevarebygging i sosiale medier  – kvifor og korleis? Du kjem ikkje utanom sosiale medier når du skal marknadsføra og byggja merkevara di i dag. Så kva medium skal eller må du vera til stades i? Eg kan hjelpa deg på god veg med oppsett, optimalisering, strategi, innhald, planlegging, drift, bilder m.m. Om du treng hjelp til design av profil- og framsidebilder slik at identiteten vert teken hand om, så ordnar eg det. Eg held óg workshop om praktisk drift av facebooksider for deg og di bedrift. Resten er opp til deg, for sosiale medier gjer seg ikkje sjølv - der du vera tilstades.

 

Foto: Til sosiale medier, nettsider og trykksaker treng ein gode bilder, då dette er ein viktig del av bedrifta si marknadsføring og merkevarebygging. Til produktfoto, portrettfoto, nettsider og det meste av trykksaker må ein ha gode bilder med høg oppløysing – og då anbefaler eg at du nyttar ein proff fotograf. Når det gjeld foto til bruk i sosiale medier, ulik dokumentasjon og nokre trykksaker så kan du gjerne ta dei sjølv, så lenge kvalitet og utsnitt held mål. Eg kan ta på meg å fotografera for deg. Eg er ein habil fotograf og fotograferar i mange samanhengar, men eg tek ikkje på meg produkt- og portrettfoto. 

 

Kontakt meg

Prisar m.m.

Det er mange moment som spelar inn ved prissetting på design og designtenester. Difor vil pris vera ulik for kvart einaste prosjekt. Eg treng óg ein del informasjon om kva du som kunde ynskjer og har behøv for før eg kan setja ein pris. Kontakt meg, så tar me eit uforpliktande møte og ein prat om ditt prosjekt og kva eg kan gjera for deg. Deretter får du eit forslag til løysing og eit pristilbod. Veilande timespris pr.idag er kr. 850,- + mva.

Dei gode samarbeidspartnerane;

Sjølv om eg leverer det meste av designtenester, så er det ofte at prosjekta krev kompetanse som ligg utanfor mitt fagområde. Då nyttar eg meg av ulike samarbeidspartnarar som er svært dyktige på sine fagfelt. Dette gjeld fotograf, publiseringsløysing & koding til nettsider, trykkeri osv. Det vil sei at eg koordinerer og du har kun gb-design å forhalda deg til – og alt samla på ein faktura. 

Kontakt meg gjerne for eit pristilbod eller ein samtale om ditt prosjekt       send e-post

“ DESIGN is not what it looks like and feels like. DESIGN is how it works! “      – Steve Jobs – 

logo, webdesign, visuell identitet, merkevarebygging, identitet, logodesign, grafisk design, askøy, bergen, profilering, webdesign, trykksaker