gb-design // Giske Berland, 

frilans designer & merkevarebyggar

 

”Kvifor vera stor, når du er lukkeleg som liten?” 

image description

Allsidig designer, merkevarebyggar, engasjert samarbeidspartnar og litt “potet”.

gb-design er eit lite, kreativt og sprudlande designfirma med fokus på å utvikla god og funksjonell design som fungerer i praksis. 

 

Giske er ein ujålete, blid og omgjengeleg designer. Praktisk anlagt, kreativ, nysgjerrig av natur, engasjert og til tider litt utolmodig. Ho likar å ha struktur på arbeidet, ein plan og ho arbeider aller best sjølvstendig, samstundes som ho er ein god samarbeidspartnar. Giske er lidenskapleg oppteken av “det lille ekstra” – slik at kunden får det han eller ho ynskjer, har behov for og det som gjev resultat.

 

gb-design har base og heimekontor midt i Voss sentrum, og i 2020 markerer Giske 10 års jubileum som frilans designer. Etter å ha arbeidd “halve livet” med sal og marknadsføring, og deretter nokre år med produksjon av bunadsylv, tok livet hennar ei ny retning med utdanning som grafisk designer. Giske er så og seia “født og oppvaksen” i daglegvarebransjen, der ho har arbeidd med alt frå A til Å. Dette gjer og at ho ser deg og dine behov på ein litt annan måte enn kva mange andre designerar og byrja gjer. 

 

Giske si sterke side som designer og rådgjevar er utvikling av identitet, og å bygga merkevare, der det er ein “raud tråd” gjennom alt ho leverer. Design er ein prosess frå idé, til gjennomføring og ferdigstilling. Giske brenn for å utvikla funksjonell og smakfull design til det beste for kunden – det å finna det UNIKE ved nettopp deg, ditt produkt og ikkje minst di bedrift. Eitt av hennar mål er at kunden skal vera stolt av resultatet og at dei kjennar eigarskap til det ferdige produktet som dei skal nytta vidare i sin kvardag.

 

Med ei praktisk tilnærming til dei ulike oppdrag ho tar på seg, arbeider Giske ofte i eit tett samarbeid med kunden I praksis vil dette seia alt i frå å arbeida ute hjå kunden, eller på heimekontoret der kommunikasjonen går via e-post og telefon. Resultata vert då at ein saman skapar gode løysingar som fungerer godt, skreddarsydd etter kunden sitt behov. Kundane til Giske held i hovudsak til på Vestlandet, men ho arbeider gjerne med kundar landet rundt. Fleksibilitet er eit stikkord og reiseglad er eit anna, så #reisekontor er ikkje noko problem – det er meir ei glede. Når Giske har anleding reiser ho gjerne til fjells og har #hyttekontor, kombinerer jobb og fritid – og med det få maks inspirasjon frå naturen. Andre gonger er det kjekt å ta nokre timar med #kafekontor – og med det få litt variasjon frå kvardagen og ein anna inspirasjon. 

 

Vel du gb-design & Giske for dine tenester, så garanterer ho godt humør og ein dose latter med på kjøpet. Send nokre ord på e-post eller du slår på tråden for ein prat. 

Giske tar ikkje på seg oppdrag eller prosjekt der ho trur du er betre tent med ei anna løysing enn ho kan tilby. gb-design har samarbeidspartnarar innan fleire område, slik som fotografar, trykkeri, publiseringsløysingar for web osv.

MINE TENESTER

LOGODESIGN  //  VISUELL IDENTITET  //  MERKEVAREBYGGING  //  KONSEPTRÅDGJEVNING  //  MARKNADSFØRING

TRYKKSAKER  //  SOSIALE MEDIER  //  WEBDESIGN  //  WORKSHOP & KURS  //  FOTO 

Praktisk informasjon pr.november 2020

 

  • November – desember 2020:  Eg er kun i 20% arbeide ut året – og prioriterer kun avtalt arbeide for faste kundar i denne perioden. Opptreninga etter operasjon tar både tid og krefter, helsa går fyrst.

 

  • Januar – mars 2021: Eg reknar med å koma meir og meir tilbake i arbeide over nyttår. Kor tid eg er tilbake for fullt er enno usikkert, men forhåpentlegvis i løpet av februar/mars. Det vil seia at det vil vera svært begrensa kva eg kan ta på meg av nye oppdrag/kundar.

 

  • Eg tar gjerne ein uformell samtale for nye prosjekt, men praktisk oppstart kan tidlegast skje februar 2021 frå mi side.  

 

NY PROFIL & HEIMESIDE: 

Opprinneleg plan var å ha både ein redesigna identitet OG ei flunkande ny heimeside på plass tidleg i 2020, i samband med mitt 10 års jubileum som frilans designer. Men ting går ikkje alltid slik ein tenkjer eller planlegg, og ein må då prioritera. Hjå meg kjem kundane alltid i fyrste rekke, sjølv om det marknadsføringsmessig for min eigen del hadde vore veldig lurt å få på plass ei oppdatert heimeside. Korona pandemi har og fått store konsekvensar for meg på mange plan – og med det og for mitt firma. 

2020 er ikkje langt frå slik som ein såg føre seg på denne tida i fjor då planar vart lagt. Så jubileum, ny profil, ny heimeside, ja det får berre koma når tida er moden.

Portfoliesidene på denne heimesida vart teke ned vinteren 2020, då dei ikkje var oppdatert på aldri så lenge og dermed ikkje heilt representativt for kva eg står for i dag.

Mykje av mitt arbeide kan ein likevel sjå i sosiale medier, både på FACEBOOK & INSTAGRAM.

 

Giske, gb-design.no