“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

3 logodesign tips!

3 logodesign tips!

Når eg designer logo for mine kundar så har eg nokre køyrereglar eg alltid arbeider etter. Dette er grunnleggande tips som mange med meg nyttar seg av – og som eg gjerne deler med deg.

  1. Keep it simple!  Less is more. Skal logo & identitet stå seg over tid så må den vera enkel og tidlaus.

  2. It’s got to work in black and white first! Ein logo må alltid fungera i svart/kvitt, så start designet med blyant og skissebok – lag logoen fyrst i svart/kvit. Dessutan endrar farge mykje på uttryk og oppfatning, så tilfør det når du er nøgd med det uttrykket i logoen. Sjølvsagt kan du ha fargar i tankane når du startar å designa, men ikkje start med å skissera logo og logoutkasta i fargar.

  3. Make it your own! Ta til deg inspirasjon frå andre, ein treng ikkje alltid finna opp kruttet på nytt – men ikkje kopier! Design logo unikt for kvar enkelt kunde og til det den skal nyttast til!

Treng du og ditt firma hjelp med design av logo & visuell identitet? Eller kanskje det trengs kun eit mindre redesign for å gje eit ekstra løft? Send meg nokre ord på e-post eller slå på tråden, så finn me ut av det saman.