“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

Korleis finna den rette designeren til ditt prosjekt?

Korleis finna den rette designeren til ditt prosjekt?

Å hyra inn ein designer til eit prosjekt kan vera eit stort skritt å ta for mange bedrifter – og korleis skal ein finna den rette i jungelen av tilbydarar? I dette blogginnlegget gjev eg deg nokre tips på vegen :-)

RESEARCH 

Det er mange “designerar” der ute, og det er mange som kan bruka Photoshop og etter kvart andre program med ferdige designmalar. Men det vil ikkje sei det same som at dei er kvalifiserte og har bransjeerfaring – du får stort sett det du betalar for.

Ein må vera klar over kva profesjonell og unikt design inneber, at det er designa for deg, ditt firma og di målgruppe ut frå grundig research. Det er ikkje “tatt” eller “lånt” frå andre, eller er eit clip-art element frå ei nettside. 

Bruk magekjensla di, still spørsmål og gjer litt research sjølv før du avtalar designarbeid.  

Sjekk ut heimesida til den aktuelle designeren eller designbyrået, eit profesjonelt webdesign gjev eit godt fyrsteinntrykk og representerer firmaet – og er alltid ei god investering. Kikk på arbeid/prosjekt/portfolie og ikkje minst referansar.

Dei fleste firma har og ei facebookside, sjekk ut innlegga på denne, kommentarar og liknande – og at den samsvarar med heimesida deira. Har dei instagramkonto? Er dei i andre sosiale medier? Då sjekkar du desse og. På denne måten får du eit greit inntrykk om dette er ein person / personar som er profesjonelle, tiltalar deg på ein slik måte at du kjenner du kan få god kjemi – og at dei har ein stil som du likar. Alt dette er viktig då dei må kunna forstå deg som kunde – og forstå behova dine.

Sjekk og at det er ein raud tråd frå heimeside til sosiale medier, sjølv om formen/tonen ikkje er lik i dei ulike mediene. Sosiale medier er på denne måten eit smart verktøy for å finna ut korleis designer eller designbyrå vert sett av tidlegare og noverande kundar.

gb-design brenn for å utvikla god, funksjonell og smakfull design som fungerer og gjev resultat. Det å finna det UNIKE ved nettopp deg, ditt produkt og ikkje minst di bedrift. 

 

MØTE

Personleg synes eg det aller beste er å ha eit uforpliktande møte der du som kunde presenterer prosjektet ditt og kva du meiner du treng av hjelp. Då får eg som designer betre innsikt i kva eg skal tilby av teneste og løysingar, me får sett kvarandre ansikt til ansikt og tatt ein god prat. Om avstandane er lange så er det ikkje alltid enkelt å få tatt eit slikt møte. Då er det viktig med god informasjon og spørsmål gjennom e-post og telefonsamtalr for å gjera seg opp eit inntrykk. 

Det er og smart å diskutera budsjett og kva for forventingar du som kunde har til resultat i denne fasen. For meg som designer er det viktig å ha forstått kva du har behov for og kva for rammer ein vil ha å arbeida etter. Etter eit innleiande møte der me har diskutert dette, så får du eit forslag om korleis løysa ditt “problem” og kva kostnad dette vil ha. 

På nett kan du finna mange designtenester til ei svært billig penge. Men igjen, du får det du betaler for – og det skal litt til for at du då får noko som er designa og tilpassa akkurat ditt firma og di målgruppe. 

 

  • DESIGN forbetrar tenestene og produkta du leverer.
  • DESIGN styrkar merkevara di.
  • DESIGN  spissar forretningsstrategien din.

 

Ein GOD DESIGNER skal:

  • Knytta prosjektet til din forretningsstrategi.
  • Fokusera på dine kundar sine behov og ikkje berre på dine behov.
  • Utfordra problemstillinga di.
  • Losa deg trygt gjennom heile prosessen – heilt til MÅL!

 

AVGJERSLE

Du har no ei mengde informasjon til å vurdera kven som vil passa til å samarbeida om akkurat ditt prosjekt innanfor dine rammevilkår. Då er det på tide å setja i gang designprosessen.

Til slutt; Hugs kjemien – og at eit godt samarbeid gjev gode avgjersler! 

Lukke til og ta gjerne kontakt :-)