“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

Design av logo til NM i friidrett!

Design av logo til NM i friidrett!

Ask Friidrett er tildelt hovud NM i friidrett for 2016, og eg fekk oppdraget med å designa logo & profil for arrangementet. Det var ynskje om "noko nytt" - og designet eg er kome opp med er utvikla ut frå at logoen skal vera TYDLEG, ENKEL og ikkje minst TIDLAUS både i form og farge.

På bildet under her har eg samla litt av dei NM-logoane eg kom over i min research, og som ein kan sjå så er det litt av kvart her. 

Eg hadde tidleg ein ide om å framheva Ask Friidrett, utan å direkte skriva Ask Friidrett - men med å bruka piktogram/symbol og å ha god fargebruk. Ved bruk av piktogram har det ofte innan friidrett vore brukt ein løpar, noko som eg syns er litt "oppbrukt" - og då Ask har fått fram eit godt kastmiljø så passa det å bruka ein "kastar". Som ein kan sjå på bildene under her så er her mange piktogram å ta utgangspunkt i. Eg har teikna ein diskoskastar i bevegelse, og under her ser ein korles eg har utvikla dette kast-piktogrammet som er med i det endelege logodesignet. Eit anna momenet ved bruk av ein diskoskastar så henviser me og til opprinnelsen for dei olympiske leikar der denne form for figur vart nytta.

Når piktogrammet var på plass, så var det å arbeida med typografien. For å ikkje få for mange element, så valde eg å fokusera på orda: NM, FRIIDRETT, ASKØY og 2016. Set ein dette saman på ein god måte så får ein enkelt fram bodskapen som her er "NM i FRIIDRETT på ASKØY i 2016". Eg har teke utgangspunkt i fonten "Seravek", og til NM har eg teke fatt i bokstaven N for å teikna ny M - slik som vist på bildet under her. Det vil sei at typografien og vert unik for denne logoen. 

Då detaljane i NM var i boks, så bygde eg typografien vidare rundt denne - med ulik storleik og tjukkelse på dei ulike orda ut frå kva eg ynskte skulle ha mest fokus. 

Når det gjeld fargeprofilen til denne NM-logoen, så er fargane henta ut frå Ask Friidrett sine logofargar. Det fine her er at desse og passar godt til eit norsk meisterskap.

For å utvikla eit godt logodesign, så må ein alltid gjera ein god research når det gjeld kva logoen skal nyttast til, målgruppe og meininga med logoen. Når dette er summert så startar eg alltid med å skissa ideane mine i ei skissebok og eventuelt lagar eg eit moodboard. Deretter arbeider eg med symbol og typografi, fyrst i som håndteikna skisser og deretter på Mac'en i programmet Adobe Illustrator. I starten arbeider eg alltid med blyant og så i svart, då ein logo må alltid kunna fungera godt i svart og negativt. Fargar kjem til slutt, og her og vert det mykje prøving og feiling. Fargar som i utgangspunktet er flotte fargar saman og ein trur vil vera bra, kan fort verta noko heilt anna når det vert lagt på logodesignet ditt - då logoen brått kan få eit heilt anna uttrykk enn kva ein tenkte. Medan det andre gonger er ganske lett å finna den eller dei rette fargane for å få det slik ein ynskjer. 

Så kva syns du? Likte du designet på denne NM-logen?