“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

Ein kjapp guide til filformat, - kva filer treng eg å ha til logo osv?

Ein kjapp guide til filformat, - kva filer treng eg å ha til logo osv?

I mitt arbeid som designer må eg som oftast ha logofiler frå kundane mine. Dei fyrste åra eg dreiv firma vart eg rett og slett overraska over kor ofte det viste seg at kunden ikkje hadde dei rette logofilene. I dag er det slik at eg vert positivt overraska når ein ny kunde verkeleg har alt på stell, og faktisk leverer dei filene eg treng for å kunna gjera jobben for dei.

Så kva for filer er det me grafiske designera alltid må ha, og kva for filformat burde det vera sjølvsagt at ein designer leverer når dei lagar logo for ein kunde?

Som grafisk designer må eg nesten alltid be kundane om logofiler, og som nemt over i innleiinga så er det svært ofte dei ikkje har dei rette filene. Dette kan det vera fleire grunnar til, og ein veldig vanleg grunn er at logoen rett og slett ikkje er laga i rett format! Då må me teikna opp logoen på nytt og laga nye filer i rett format. Like ofte er det at kunden ikkje har oversikt over filene sine og må be den som har laga logoen om å få tilsendt nye filer. Alt dette kostar unødvendig med tid og ikkje minst meir pengar – og det for noko som det ikkje burde vera behov for i utgangspunktet. 

Når eg designer og leverer logofiler til mine kundar, så får dei alltid filtypane .eps, .pdf, .png og .jpg i “pakka” – saman med fargekodane til logoen og ei enkel forklaring på kva filer som skal brukast til kva.

 

Her er ei liste over filtypar du bør kjenna til når du arbeider med ein grafisk designer, eit designbyrå eller eit trykkeri. Og ikkje minst kva for filer som vert brukt til kva.

  • AI: Adobe illustrator

Dette er programvara som dei fleste grafiske designera brukar når dei designar og utformar ein logo, og det er med denne filtypen me får vektorgrafikk. Det er frå dette programmet me eksporter til dei viktige filtypane.

  • EPS: encapsulated Postscript

Dette er den viktigaste fila me har, både for deg som kunde og meg som designer. Dette er ei standard vektorfil som kan importerast inn i alle dei store designprogramma – og dette er fila som både trykkeri og designera treng for å gjera ein god jobb. Ei .eps-fil er svært skalerbar, og vert aldri pikslete når dei vert skrive ut – ergo har den svært god kvalitet.

  • PDF: Portable Document Format

PDF er eit filformat som kan visast på dei fleste datamaskiner via programvara Acrobat Reader. Fila er grei å vidaresenda til andre som vedlegg og er fin å bruka til utskrifter / trykk.

  • JPG: Joint Photographic Experts Group

JPG-fil er ei komprimert bildefil som ikkje har gjennomsiktig bakgrunn. Den har varierande oppløysing og storleik, alt etter kva bruk den er tenkt til. Kvaliteten vert forringa og redusert for kvar gong den komprimert og/eller lagra på nytt. Vert nytta på nettsider, online annonsering, e-post signatur og til web generelt. Kan som oftast ikkje nyttast til trykk i større format pga oppløysning.

  • PNG: Portable Network Graphics

PNG-fil vert mest brukt på nett og nettsider då den er pixelbasert, har låg oppløysing og veldig ofte gjennomsiktig bakgrunn. Kan som oftast ikkje nyttast til trykk i større format.

Så har du dei rette logofilene?

Om du har tenkt å nytta deg av design- og trykktenester i næraste framtid så er det lurt å sjekka opp i kva du eigentleg har, – slik at designeren får gjort jobben effektivt og du slepp ekstra kostnader.