“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

Enkelt, smart & funksjonelt!

Enkelt, smart & funksjonelt!

Denne veka vart det mykje fokus på stempel - rett og slett då eg hadde kundar som samstundes hadde behov for stempel til ulik bruk. Stempel har liksom ikkje vore så "pop", men det er ein meir anvendeleg ting enn kva ein ofte tenkjer på. Det er enkelt og har mange bruksområde, og vert ofte mykje rimelegare enn å trykka opp større mengder av td. konvoluttar.

Fotograf Monica Johansen, Studio M, ynskte eit rundt stempel i same stil som visittkorta eg designa for ho tidlegare i år. Dette stempelet er tenkt brukt mest på konvoluttane som ho sender ut CD med bilder til sine kundar. Logoen er med, ei lita helsing med ordet "enjoy" og adresse om posten sender konvolutt i retur. Stempelet kan ho og nytta til andre ting - enkelt, smart og funksjonelt!

Til Butikk Josefine designa eg eitt litt større stempel i vår, og eitt mindre no. Det store vert brukt til å stempla logo og kontaktinformasjon på papirposane i butikken - dette i staden for klistremerke som vert dyrt i lengden. Denne veka fekk ho levert eitt nytt litt mindre stempel, som er designa som eit "visittkort". Tanken er at ho stemplar på ulike designkort som ho har i butikken, eller på kartong og klipper opp kort. Stempelet skal og nyttast til kvitteringar osv. Enkelt, smart og funksjonelt!

Mitt eige stempel designa eg i vår, og dette vert brukt på alle konvoluttar eg leverer ut frå kontoret og faktura som vert sendt i posten. Her er firmanavnet slik det er registrert, og postadressa som vert brukt. Altså så er det utan logo og kontoradresse. Webadresse er utheva, og så er telefonnummer og e-postadresse med. Enkelt, smart og funksjonelt!

Klistremerke/stickers er ein annan rimeleg og grei ting å bruka i staden for trykte konvoluttar. Desse har og fleire bruksområde. GS Rekneskap på Voss og Sørenmo Elektro i Kolvereid er blandt kundar som eg har designa slike til. Enkelt, smart og funksjonelt!