“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

Fresh Fotograf = Fresh design

Fresh Fotograf = Fresh design

Må alt vera "standard"? Korleis få eit sprekare og "kulare" uttrykk? Dette var problemstillinga då Fotograf Monica Johansen i Studio M kom til meg og skulle ha nye visittkort.

Tidleg i vår startsamtale kom det fram at Monica ynskte å "fresha" opp logoen, spesielt med ein anna farge i tag'en - og eg skulle få frie hender til å redesigna logo og den visuelle profilen. For å koma i gang så hadde Monica og eg ein liten workshop, der me fann fram til hovudfargen som alt designet skulle basera seg på - og me diskuterte oss fram til kva for type trykksaker ho hadde bruk for. Planen vart så å redesigna logoen/profilen og så deretter designa visittkort som var det som det hasta mest med no før sommaren. 

På bildet under her ser ein til høgre slik logoen var, og under den igjen logoen slik den er no. Eg syntes at logoen i seg sjølv med typografien er både elegant, moderne og tidlaus, - og eg såg difor ingen grunn til å klussa mykje med eit godt design berre fordi et eg skal designa noko. Det eg gjorde var rett og slett å finjustera litt på mellomrom, endra bittelitt på tjukkelse, tona ned både den svarte og mørkegrå skrifta - og så til slutt prikken over i'en: Den knall rosa tag'en!  Vips så har me ein redesigna og oppdatert logo for Studio M :-)

Identitet: Den rosa fargen, pantone 226 C, kom me eigentleg veldig fort fram til. For oss som kjenner Monica, så veit me at ho ELSKAR rosa i alle variantar. Og då sa det i grunnen seg sjølv: hovudfargen i paletten skulle heretter vera rosa!

I den nye visuelle profilen til Studio M, så er det endra på fontar for å få eit meir moderne preg og mjukare preg som passar Monica betre. Utfordringa vidare var å finna ei god form og design på visittkort som var dei fyrste trykksakene som måtte produserast. Verken Monica eller eg ynskte noko heilt tradisjonelt, me hadde lyst å ta det litt lenger - og å få inn den spreke rosafargen... Resultatet? JA, det vart rosa! Og korta vart runde! Eg tok rett og slett å brukte den rosa tag'en i logoen som utgangspunkt - og la den på eine sida av kortet, og vips så hadde me runde kort. Den andre sida er kvit, med logo og dei viktigaste kontaktinformasjonane - der deler av den er utheva i rosa skrift.

Både fotograf og designer er supernøgde med desse kule runde visittkorta - og eg føler at eg har fått fram identiteten til fotografen:-) 

No gjenstår vidare designarbeid med ein annan variant av visittkort / salskort og nye foldera / brosjyrer - som me skal ta litt om litt gjennom sommaren og litt utover hausten. Designaren gler seg til det :-))