“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

Identitet & merkevarebygging

Identitet & merkevarebygging

I dag har eg fokus på identitet og merkevarebygging - og då skal eg bruka meg sjølv, altså gb-design, som døme. For ikkje lenge sidan så tok eg steget vidare å redesigna logo & profil for gb-design, då det var på tide å justera seg vidare mot den retninga ein ynskjer og ikkje minst for kva som skal vera min identitet. Då nyttar det ikkje berre å "pussa" på logoen eller redesigna den - og så tru at det er nok. Nei, då må og endringa visa att i trykksaker, webside, sosiale medier osv - altså så må "MERKEVARA" di utviklast vidare og arbeidast med!

Rett før helga dukka siste tilskotet i mi merkevarebygging opp i postkassa mi, nemleg ei langreist pakke med heilt nye visittkort! Denne gongen har eg valt å testa eit anna materiale enn sist, og frå ein annan leverandør. Desse nye visittkorta er designa i tråd med den nye profil og identiteten eg har lagt opp til for gb-design. Designet er elegant, enkelt og tidlause - og korta er trykt i 600g luxe kartong, har 2 sidig trykk og har ei firkanta form. Som nemnt var dei langreiste, dvs at desse har eg bestilt frå England - og eg var kjempespent på resultatet. Og nei, eg vart ikkje skuffa. Eg er rett og slett kjempenøgd!

Som eit ledd i vidare marknadsføring av gb-design og tenestene eg tilbyr, så har eg og nettopp fått ferdigstilt nye flyers! Desse er og designa i tråd med min nye logo og profil - for å få ei heilheit og gjenkjenning, og på den måten bygga merkevara mi "gb-design" vidare. Flyerane er heilt enkle, med trykk på 2 sider på matt 300g papir. Logo, navn, kontaktinformasjon er plasser på eine sida - medan tenestene eg tilbyr er inndelt i 3 hovudkategoriar og med stikkord utover dei. Symbola og inndelinga er den same som her på nettsida mi - og på den måten går det ein raud tråd frå web og sosiale medier til trykksaker. 

Slike flyers som eg har designa og fått trykt opp til meg sjølv er ein "rimeleg" trykksak å marknadsføra seg med. Verken designarbeidet eller trykkinga er dyrt samanlikna med mykje anna. Slike flyers er kjekt å ha liggande på kontoret, verkstaden, butikken - alt etter kva du driv med. Dessutan er dei enkle å putta i postkasser, levera ut til potensielle samarbeidspartnarar/kundar i tillegg til eller i staden for eit vanleg visittkort. Dei har rett og slett mange moglegheiter, er ein god marknadsføringskanal og kostar altså ikkje skjorta ;-) 

Å bygga merkevara er å ha ein raud tråd i alt du gjer og framstår med. Når eg som designer leverer i frå meg orginalfiler, bilder osv til kundar - så får kunden alltid desse på ein usb-minnepenn. Og for at kunde skal ha kontroll på kva som er på den og kven dei er i frå - ja så har eg fått trykt på logoen min og webadresse på desse. På denne måten får eg synleggjort mi merkevare, gb-design - i staden for at produsenten av desse usb-minnepennane har sin logo på den, og at eg reklamerer for dei.

Men tilbake til trykksaker som flyers og foldera - dette er trykksaker som eg verkeleg anbefalar for å nå ut med bodskap/teneste - kombinert med webside og sosiale medier. Dette gjeld spesielt små og mellomstore bedrifter. Det er då viktig at alt er gjennomført og designa i same stil. Ja, det er mykje ein kan laga sjølv - men tenk på korleis det ferdige resultatet skal sjå ut, og korleis du ynskjer å framstå! Det er diverre mange døme på amatørmessige trykksaker laga i word og paint med klipp og lim, som deretter er printa og kopiert på ein vanleg heimekontorprinter. Som designer så får eg rett og slett "ilt i magen" når eg kjem over slike. Ja eg forstår at det er pengane som rår, og at me prøver å gjera ting sjølv for at det vert billegare. Men diverre så vert resultatet ofte at du vert oppfatta som useriøs og lite proff - og det er vel ikkje målet når ein driv business? Mi klare anbefaling er å få hjelp av oss som har dette som yrke, og som kan designa slikt på mykje kortare tid til eit mykje betre resultat i tråd med korleis du og ditt firma ynskjer å framstå for kundane/samarbeidspartnerane. Dette igjen vil gje deg meir salg, betre inntjening og ei meir kjend merkevare.

Dette vart ein litt "forenkla" måte å forklara litt om merkevarebygging - men kanskje det gav deg eit par tips? Meir om merkevarebygging og ein raud tråd frå logo, trykksaker, web og sosiale medier får koma i eit anna blogginnlegg. Ta gjerne kontakt om det er noko du lurar på, eller legg att ein kommentar under her:-)