“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

Kvifor bør ein prioritera design & visuell identitet?

Kvifor bør ein prioritera design & visuell identitet?

Profesjonellt designarbeid vert diverre alt for ofte undervurdert i små og mellomstore bedrifter. Når det er tøffe tider økonomisk og konkuransemessig, slik som mange kanskje opplever no for tida, så er det veldig ofte på marknadsføringbudsjettet kutta kjem fyrst. 

Samstundes er det eit paradoks at alle ynskjer ei flott og funksjonell nettside, ein smart logo og konkurransedyktig marknadsføringsmateriell...

 

Fyrsteinntrykket er viktig.

Du har kun ein sjanse til å gjera eit godt fyrsteinntrykk! Dette gjeld enten det er nettsida di, e-post signaturen, visittkortet ditt eller facebooksida di. Potensielle kundar gjer opp si meining på ganske få sekund basert på det visuelle uttrykket i det dei ser. 

Høg kvalitet på det designet gjer at du som bedrift vert oppfatta seriøst og profesjonelt. Det hjelper ikkje kor bra produktet / tenesta du tilbyr er om ein har eit dårleg gjennomført design, for den potensielle kunden har kjapt surfa vidare til neste firma om nettsida eller anna den har søkt på er lite attraktiv.

 

Design fortel ei historie.

Likeeins er det viktig at potensielle kundar får ei kjensle av kva bedrifta di gjer, sjølv om dei aldri har høyrt om den før. Eit godt gjennomtenkt design framkallar det rette bildet, då det ligg grundig research og analyse bak. Til dømes vil konseptet for eit rekneskapsbyrå ( sjå Rekneskap og Økonomi Voss ) eller ein offentleg institusjon ( Ask omsorgssenter ) vera heilt annarleis enn for eit skadedyrsfirma ( Cytox AS ), ein gullsmed ( Karoline Smykkeverksted ) eller ein fotograf ( Fotograf Monica Johansen ). 

 

 

Merkevarebygging triggar minnet.

Typografi, fargar, detaljar, symbol, nettside, sosiale medier, trykksaker osv – alt har ein bestemt funksjon, som saman gjer at designet og profilen vert komplett. 

Eit solid grafisk design lyftar merkevarebygginga på tvers av det visuelle og gjev det ein heilheit. Potensielle kundar skal sjå og oppfatta det same om dei er på bedrifta si nettside eller dei har ei brosjyre i handa. Det handlar om gjenkjenning og ein raud tråd i alt me gjer!

 

Kreativitet kan vera ein viktig faktor.

Alle bedrifter, om ein er liten eller stor, så har ein det til felles at alle står over for konkurranse og at det ofte er mange som tilbyr det same. Så korleis kan ein i dag skilja seg ut i mengden av tilbydarar? Svaret kan då vera kreativ tenking rundt eit godt gjennomtenkt og funksjonelt design, sett saman i ein smart visuell kommunikasjonsplan. Dette resulterer i at bedrifta / produkta framstår som unike og vert lagt merke til på ein positiv måte – som igjen gjev kjøp/gjenkjøp og med det fleire kundar.

 

God design konventerer og gjev meir sal.

Ei flott nettside er kjekt å ha. Ei nettside som er smart designa, sjølvsagt ei responsiv side, vil konventera til handling – noko som er endå betre. Eit smart design skal informera, vera lett å navigera i og ikkje minst må den framstå som visuelt bra og ryddig. 

Det same gjeld i sosiale medier, her må ein og ha eit gjennomført design på det du gjer – og du som bedrift må finna din stil og halda deg til den. Slik vil du bygga merkevara di og du leiar kunden inn til din fysiske butikk eller di nettside.

Når det gjeld til dømes brosjyrer og flyers, så vil ein dyktig designer strippa vekk alt unødvendig og samstundes få fram den rette bodskapen slik at mottakarane går inn på nettsida eller fysisk i butikken som du har oppfordra til.

 

Sett heller av og bruk litt meir pengar i starten – det sparar du  mykje på i lengda.

Når ei bedrift ikkje tek grafisk design på alvor frå starten av, så vil det ofte koste mykje meir når dei fyrst tek seg “råd” til å gjennomføra eit arbeid med å bygga ein god identitet. 

Kvalitetsdesign er som oftast tidlaust og har lang levetid – då det ikkje er prega av mote og trendar. 

Å betala for god gjennomtenkt grafisk design ei gong er ikkje dyrare enn å betala for middels design fleire gonger. Ved å ha eit godt design frå starten av gjer det og enklare å bygga ein identitet og merkevare.

Heldigvis er det ein god del små og mellomstore bedrifter som forstår verdien av god design. Samstundes er det litt for mange som ikkje gjer det.

 

 

gb-design brenn for å utvikla god, smakfull og ikkje minst funksjonell design som fungerer praksis. Som designer er eg oppteken av at du som kunde får det du ynskjer, har behov for – og som gjev deg resultat.

Lite eller stort oppdrag? Liten eller stor kunde? Hjå gb-design står kunden og personleg kundeservice høgt i fokus, og alle vert behandla på same profesjonelle måte. Det same gjeld fleksibilitet, der målet er å yta det beste for alle partar.