“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

Logo & foliedekor på seglbåt

Logo & foliedekor på seglbåt

Variasjon i arbeidet er alltid kjekt, og når seglvener spør om hjelp til å ordna logo til seglbåten så er eg ikkje vanskeleg å be;-) 

Eg fekk frie hender til å designa denne logoen, og då var det opp til meg å laga eit design som stod i stil med navnet og ikkje minst båten.

Logoar og navn på båtar er ofte "kjedelege". Som designer og seglar, så syns eg det er kjekt å sjå litt annarleis og ikkje minst litt sprekara logoar på mi ferd på sjøen:-) 

Eg har designa ein unik logo til NOR 9994 eXpeditus. Eigarane Kristian og Morten var med på mine tankar rundt designet med ei gong, og syns forslaget eg kom med var "perfekt" til deira båt. Då var vegen frå utkast til ferdig produsert foliedekor gankse kort. Eg finpussa designet og gjorde klar trykkfil, deretter fekk eg Designstudio her på Askøy til å produsera foliedekoren for meg. Sjølve monteringa av logoen gjorde eg sjølv på tysdagskvelden, med litt hjelp av båteigarane - då det ikkje er like enkelt å montera dette når båten ligg på sjøen;-)

Så onsdag kunne Morten legga ut frå kai retning sørover med "eXpeditus" fint plassert i hekken :-)

G O D  S O M M A R !