“The most powerful and enduring brands are built from the heart” 

- Howard Schulz –

image description

Sol & sommar!

Sol & sommar!

For ein sommar me har, dette er rett og slett balsam for kropp & sjel! 

Eg nyt flotte sommardagar heime på Voss, litt til fjells og litt her og der. Sakte men sikkert får eg bygd meg opp att, med rolege turar ute i naturen og mykje bading. For fyrste gong på 2 år så har eg vore på sykkeltur! Det er ei god kjensla å kjenna at kroppen fungerer betre og betre. 

#rekreasjon #opptrening #energipåfyll #eindagomgongen #sommarmodus

Fram til og med august arbeider eg 50 %. Deretter reknar eg med å kunna auka på, slik at eg i løpet av hausten er tilbake for fullt. Det ser eg verkeleg fram til. Eg har ikkje lagt opp til faste kontordagar, det tar eg litt som det kjem – men som alltid så er eg svært fleksibel.