MINE TENESTER // services

LOGO, IDENTITET & MERKEVAREBYGGING

LOGODESIGN • VISUELL IDENTITET • MERKEVAREBYGGING • KONSEPTRÅDGJEVNING

VISUELL IDENTITET med namn, logo & profilelement. Ide & konseptutvikling.

MERKEVARE & IDENTITET. Konseptutvikling, strategi & rådgjevning.

Kven er du? Kven ynskjer du å vera? Korleis vert du oppfatta? Treff du målgruppa di? Design er visuell kommunikasjon. Det handlar om å gje eit godt og truverdig fyrsteinntrykk, å skilja seg ut på ein positiv måte og vera synleg i den store mengden.

KOMMUNIKASJON & MARKedSFØRING

SOSIALE MEDIER • ANNONSE • KAMPANJE • strategi • rådgjevning

VISUELL KOMMUNIKASJON & MARKNADSFØRING med annonser, kampanjer, sosiale medier, foto m.m. ut i frå ein god visuell identitet og ein målretta strategi.

SOSIALE MEDIER er visuell historieforteljing. Det handlar om å freista og å inspirera målgruppa, samstundes som ein fortel om kva bedrifta står for og tenester ein byr på.

TRYKKSAKER

BROSJYRE • PLAKAT • ETIKETT • EMBALLASJE • SKILT & DEKOR • ANNONSER • PROFILERING

Sjølv om me no lever i ei digtital verd, så er kjensla av ei ny trykksak i hendene noko heilt spesielt. Trykk og papir er slettes ikkje daudt. Dessutan kjem din visuelle identitet ofte mykje sterkare fram på trykk enn kva den gjer digitalt.

Frå idè til ferdige trykksaker! Spennvidda er stor og eg designer alle typar trykksaker tilpassa dine behov. Eg leverer trykkfiler, eller alt komplett ferdig levert på døra. Valet er ditt.

VISITTKORT • TIMEKORT • STEMPEL • KLISTREMERKE • STICKERS • BROSJYRE • FOLDER • DM • PLAKAT • GÅVEKORT • MENY • ETIKETT • LABEL • EMBALLASJE • ROLLUP • BILDEKOR • FASADEDEKOR • VEGGDEKOR • SKILT • BANNER • ANNONSER • profileringsartikler m.m.

FOTO

foto • fotografering • produktfoto

Gode bilete er ein viktig del av bedrifta si marknadsføring & merkevarebygging - enten det gjeld trykksaker, sosiale medier eller heimeside.

På mindre prosjekt fotograferer eg gjerne sjølv. På større prosjekt samarbeider eg med fotograf som eg meiner passar til ditt uttrykk. Då tek eg meg av prosjektstyringa, er fotoassistent og til slutt tilpassar eg bileta frå fotografen til det dei skal nyttast til.

WEBDESIGN

NETTSIDE • HEIMESIDE • WEBDESIGN

Ei heimeside er firmaet sitt ansikt utad, og du har kun ein sjanse til å gjera eit godt fyrsteinntrykk! Nettsida er ditt butikkvindauge - og det må formidla bodskapen og dine tenester på ein tydeleg måte. Sosiale medier erstattar diverre ikkje ei heimeside, då bedrifta ikkje har eigarskap til kontoane som ein har oppretta der.

Eg designer funksjonelle og brukarvenlege nettsider, tilpassa deg som kunde og ditt behov. Eg designer desse som oftast i publiseringsløysinga Squarespace. Ved meir avanserte og skreddarsydde løysningar samarbeider eg med andre firma som er spesialistar på nettsider. I desse tilfella står eg for designet og innhaldet, medan dei tar seg av koding og publiseringsløysing.


Logo design • visual identity • brandidentity design • consept development • print • marketing • branding & strategy • social media • storytelling • webdesign • photo

PRISAR


Det er mange moment som spelar inn ved prissetting på design & designtenester. Difor vil pris vera ulik for kvart einaste prosjekt/oppdrag. Eg treng og ein del informasjon om kva du som kunde ynskjer og eigentleg har behov for, før eg kan gje eit prisoverslag. For nokre kundar arbeider eg til fastpris pr.dag, for andre kundar pr. prosjekt/oppdrag - og i nokre tilfelle pr. time.

Kontakt meg på telefon eller e-post, så tar me ein prat eller eit uforpliktande møte om ditt prosjekt - og kva problem eg kan løysa for deg.

Veiledande timespris er pr. dags dato kr. 1.150,- + mva.

my job as a designer is to help others realize their vision, not mine.